Viser og humor fra Rogaland til Amerika
søn. 07. juli
|Røvær Kulturhotell AS
Visekonsert og humorprogram med Torolf Nordbø, sonen Edvard ”Borneo” Nordbø og "Han Innante"
Tid og sted
07. juli 2019, 15:00
Røvær Kulturhotell AS, Gnr 27 Bnr 48 Røvær, 5549 Røvær, Norge
Om arrangementet
Inngang 200 kroner.
"Dei fleste av visene er Torolf Nordbø sine eigne med tekstar på norsk, men han syng også andre sine viser. Musikkstilen er melodiøs med viser, country, roots og americana.
Med seg denne gongen har Torolf Nordbø den yngste sonen sin Edvard Nordbø 22 år som sjøl er ein god gitarist og visesongar. Han har gjeve ut tre singlar på Spotify under artistnamnet ”Edvard Borneo”.
Nokre av songane og humoren som handlar om utvandring til Amerika og det norsk-amerikanske miljøet. Torolf og faren Magne Nordbø reiste til USA på road-trip då var 80 år. Dei var på ”Norsk Hostfest” i Minot, Nord-Dakota der svært mange av slektningane til Magne reiste på slutten av 1800-hundretalet. Far til Magne reiste også men kom heim og kjøpte eigen gard på Finnøy. Det var også naturleg at tre av brødrene til Magne reiste over. Ein av dei var bl.a. bjørnejeger i Canada og canadisk soldat i opprenskinga etter invasjonen i Normandie. Ein busette seg i Kansas og den siste var over nokre år før han kom heim og overtok heimegarden.
Ellers får vi songar frå liv og oppvekst i Rogaland sett frå to ulike generasjonar.
Han Innante dukkar også opp med humor og song."